Sidan 1455 - Sunnmøre Historielag 1910-1978

24
Tidskrift for Sunnmøre historiske lag
og pålitande miljø- og livsskildringar frå Gjeslingætta frå
trettanhundradta
et. Men der er mange einskildoplysningar
om Gjeslingane, som kviler meir på munnleg tradisjon og på
diktarfridomen åt forfattarinna enn på provfaste fakta.
Tenarlønenei gamle dagar.
Av Jørgen Gjerding.
Millom dei mange ting som no held på gå i gløymeboka
er ogso tenartilhøva i eldre tider. Det kunde difor ha sitt verd
å skriva opp noko ogso om dette emnet. Difor hev eg vendt
meg til slike som sjølve var tenarar ei tid og sidan vart hus-
bondsfolk ogso i mange år. Eg hev spurt so mange at eg trur
å ha fenge bra sikre opplysningar om tenarlønene i Stranda
omkring 1880 i anfall. Og det er ogso sagt at lønene og vil-
kåra elles ikkje hadde svinga noko serleg på mange år før
den tid heller. Det var rikeleg tilgang både på tenorhjelp og
arbeidsfolk elles, og lønene var nokso stabile i lang tid, tru-
leg naturleg avmåta etter det økonomiske tilstandet milloni
bygdefolket i dei tider.
Då det var lite kontant, var lønene mest mogeleg in na-
tura. Og slike varor voks det heime på gardane, sosant hus-
bonden hadde arbeidshjelp til å driva gardsbruket som han
skulde. Gardsdrifta var tungsam endå med mykje skrapslått
og lite tødhøy; men kunde ein berre berga i hus rikeleg fôr om
hausten, so kunde det fødast mange krøter, og det gav mjølk,
smør og kjøt, til huslyden og gjød,sel til dei store åkerviddene
som alle brukte ha den gongen. Og korn voks det vilj ugt, og
mjølmat levde del mykje av attåt avdråtten av krøtera. Under
desse tilhøva var det jamleg nokso mange menneske i kvar
manns gard, 3-4 tenarar året rundt forutan sjølvefolket,
borna og kårfolket.
Det var ikkje skilnaden i løna som gjorde at den eller
den husbonden hadde lettare for å få tenarar enn andre. Det
var om det var ei gild matmor i huset som vog mest. Og der
husbondsfolket og tenarane lika, kvarandre, der skifte dei ik-
kje tenarar kvart år. At ein gut eller ei gjente tente same
husbondsfolket både 5 og ofte 10 år, var ikkje noko sjeldsynt,
og dette gjorde at båe partane vart meir interesserte i at det
gjekk godt og vel i alle måtar.
Det var sommarmål, 14. april, at flestalle skifte tenarar.
Det var lite tale iom å skifta tenarhjelp om hausten. Når hus
bondsfolket tinga tenarar,
,S0
måtte det avtalast fyre jul og