Sidan 2800 - SHL-1910-1998-stor

Enkel HTML-version

6
Tidsskrift for Sunnmøre Historielag
kommune var K. Bjørlykke første ordføraren der frå 1866
til
1870.
I
åra 1846 til 1880 var han kyrkjesongar (klokkar) ved Sande kyrkje.
Han måtte då ro den dryge mila frå Bjørlykke
til
Sandsøya fram og
tilbake når han skulle ut i klokkargjerninga si.
Yngste sonen heitte og Knut (1860-1946), og han vart seinare pro-
fessor og ein framståande geolog. Det fulle namnet hans var Knut
Olai Bjørlykke, og han var først lærar ei tid. Først gjekk han «Voldens
høiere Almue- og lærerskole» i 1876, sidan Asker seminar og tok eksa-
men der i 1878. Han vart så lærar i dei to krinsane Nordre Kvamsøy
og Hallebygda fram til 1880, då han reiste til Oslo og studerte vidare.
Johannes Ristesund, seinare sokneprest, hadde Bjørlykke til lærar
i
folkeskulen. Han har fortalt om at Bjørlykke dreiv og samla planter,
og «jeg husker hvor begeistret han kom hjem engang, mens der hold-
tes omgangsskole i min fars hus, og fortalte at han på sandreinen
i Ristesund hadde funnet en plante som kun vokste vilt i Skottland.»
Frå 1898 var Knut Bjørlykke på landbrukshøgskulen på Ås, først som
lærar og overlærar, og frå 1914 til 1931 som professor i geologi og jord-
botnslære. Den kjende geologen Harald Bjørlykke er son hans.
Ein annan morbror av Olai var den førnemnde Jakob, som vart læ-
rar
i
Gursken. Det var Jakob Bjørlykke, mannen som saman med Olav
Liset Qav ut bygdeboka for Sande og Rovde. (Soga om Sande og Rov-
de 1935.)
Skriveevna i ætta har synt seg i ymse former. Olai Bjørlykke skreiv
sjølv enkelt og klårt om ulike og ofte vanskelege emne. Vi skal seinare
kome attende til det. Men skriveevna har og hatt samband med kunst-
narsinn og lyrisk stil og draum. Sume såg det vakre i blomar, stjerne-
himmelen og andre under i naturen, og kunne på vitskapleg grunn
klårlegge det, samstundes som dei sjølve bar draumen om det vakre
i seg. Andre i ætta har makta å gje uttrykk for tanke og draum i dikt
og prosa. Jakob Bjørlykke i Gursken prøvde seg på diktet og har fått
med ein song i «Sangboken». «Å var eg på Jesus ei levande grein»
(dikta
i
1905). Soneson til Jakob Bjørlykke, Oskar Stein Bjørlykke, har
gjeve ut både roman og diktsamlingar.
Anna Sandnes er systerdotter til Olai Bjørlykke. (Systra Marta vart
gift med Adam Adamson Sandnes
i
Syvde og budde der.) Bror
til
Anna Sandnes, skulestyrar Asbjørn Sandnes, gav og ut ei diktsamling
i 1971.
Dei første åra Olai Bjørlykke gjekk i folkeskulen hadde han Bernt
Redse (1817-1917) frå Rovde til lærar.
Han
var lærar
i
Sande
i
mest
70 år, frå 1833 til 1890.
I
ca. 55 år var han i fast post, og i resten av
tida vikar kring i krinsane. (Daniel Liseth skreiv eit stykke om han
i
Sunnmørsposten 6. januar 1916 og Rasmus Buset eit stykke 2. juni
1917). Garden Bjørlykke høyrde til Brandal krins i Sande. Siste skule-
tida hadde Olai Bjørlykke Mons Arset til lærar (1866-1937). Folke-
skulen var vel etter den tida god, men Bjørlykke fortalde at han